Dansarar: Thale F. Almås, Kristina Elizabeth Voigt og Emma S. Damskau. (Foto: Tone Merete Tho / NRK)
Les alt om Melodi Grand Prix junior
- Vi er veldig klare over at det er over 30 millionar tv-sjårarar, fniste Thale F. Almås, Kristina Elizabeth Voigt og Emma S. Damskau frå Lillehammer før showet.
Dei er tre av 70 som vart plukka ut etter danseaudition tidlegare i haust, og fekk danse framfor 7.000 publikummarar i Håkons hall.
- Ei stor oppleving
Dei tre jentene seier det er kjempeartig å vera med på det enorme tv-showet, som vart sendt direkte på fjernsyn.
- Også er det fint å ha fri frå skulen, ler dei.
Thale, Kristina Elizabeth og Emma har hatt rundt 25 timar med trening før det store hiphop-nummeret, som var omtrent midt i Grand Prix-showet.
- Koreografen vår har mellom anna dansa med Michael Jackson, fortel jentene ivrig. Dei har lært veldig mykje, og gruar seg til det heile er over.
- Kva er det verste som kan skje under showet?
- Det er å snuble på scena, kom det raskt frå dei tre smånervøse dansarane, før Melodi Grand Prix Junior.
Scenograf Kathrin Bjørnstad blir intervjua før generalprøva av Dag Åsmund Larsson. (Foto: Tone Merete Tho/ NRK)
Har jobba med finalen sidan juli
Scenograf Kathrin Bjørnstad hevda ho ikkje var spesielt nervøs før den store Grand Prix-finalen.
- Eg gler meg, smilte ho. Og det har god grunn til å gjera etter at showet vart ein suksess.
Som ansvarleg for det som vart sendt ut til sjåarar over heile Europa har ho hatt nok å henge fingrane i.
- Men vi jobbar i team da.
- Ville fjernsynssjåarar i Spania, Kviterussland og Spania sjå at finalen vart sendt frå Lillehammer?
- Heilt klart! Det er laga "postkort", altså presentasjonar av alle deltakarane som er spelt inn i Lillehammerområdet, fortel Kathrin Bjørnstad.
SJÅ BILDA FØR DET STORE GRAND PRIX-SHOWET