Dahlsbakken til Tyskland med ny film

Henrik Martin Dahlsbakken frå Hamar opplever stor internasjonal interesse for roadmovien «Rett vest», som får norsk premiere i januar. Denne veka står filmen på hovudprogrammet under Nordiske Filmdager i tyske Lübeck.

Brødrene Dahlsbakken

FILMBRØR: Regissør Henrik Martin Dahlsbakken (til høgre) saman med sin faste filmfotograf, broren Oskar Dahlsbakken, under innspelinga av feelgoodkomedien «Rett vest».

Foto: erik evjen / filmbros

Dahlsbakken er akkurat tilbake frå London International Filmfestival der filmen blei vist på den legendariske kinoen Vue på Leicester Square i West End. Ei stor oppleving for den unge hamarsingen som no er klar med sin fjerde spelefilm sidan langfilmdebuten i 2015

– Det var heilt strålande, eigentleg. Rett og slett stor stas å få vise filmen for eit publikum som lo på dei rette plassane og som vart tydeleg råka over det vi har laga.

Tidlegare i haust hadde filmen premiere under festivalen CHP:PIX i København.

SJÅ TRAILEREN HER:

Offisiell trailer til filmen Rett Vest av Henrik Martin Dahlsbakken

Godkjensle

«Rett vest» er ein feelgood-film som handlar om ein far og son som reiser tvers gjennom landet mot Ona Fyr for å delta i ei Quiltekonkuranse på vegner av den nyleg avdøde ektefella og mora til hovudpersonane. Ingar Helge Gimle spelar faren, som elles har ein hang til å gå i kvinneklær. Benjamin Helstad spelar sonen, mens Iben Akerlie spelar kjærasten hans. I andre roller finn vi ei rekkje kjente namn som Anne Krigsvoll, Reidar Sørensen, Trine Wiggen, Henrik Mestad og Ine Jansen.

NRK har tidlegare skrive om innspelinga av «Rett vest». Den historia kan du lese her: Propellregissøren

rett vest

MOT VEST: Ingar Helge Gimle, Benjamin Helstad og Iben Akerlie under innspelinga av filmen «Rett vest».

Foto: eirik evjen / filmbros

Filmfest i Lübeck

Frå og med onsdag denne veka deltar filmen i hovudkonkurransen under Nordiske Filmdager i Lübeck, som tar mål av seg til å vise dei beste filmane frå dei nordiske landa til eit tysk publikum. «Rett vest» er ein av tre norske filmar som er plukka ut, dei to andre er «Thelma» av Joachim Trier og «Hva vil folk si» av Iram Haq.

I 2015 vann Dahlsbakken hovudkonkurransen i Lübeck med debutfilmen «Å vende tilbake».

– Eg har veldig gode minner frå Lübeck, og gler meg veldig til å vise filmen for det tyske publikummet, seier Dahlsbakken, som seier at han merkar at tyskarane er interessert i norsk film.

Men som tidlegare hovudvinnar i Lübeck dreg vel hamarregissøren til Lübeck med ein smule ambisjonar?

– He he, eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er mange gode filmar med, og vi er jo i veldig godt selskap. Så eg tenkje at det berre er stas å vise fram filmen. Så får vi sjå korleis det går.

«Rett vest» frå norsk premiere 5. januar.

Ingar Helge Gimle i filmen Rett vest

GLAD I KVINNEKLÆR: Ingar Helge Gimle i rolla som faren med ein hang mot kvinneklær.

Foto: Eirik Evjen / filmbros