Hopp til innhold

Campingplass ble katastrofeområde

Caravan-plassen ved Strandenga ved Biristrand vart hardt ramma av eit voldsomt uvèr i går kveld. Tre personar vart skadd i uveret.

Camping
Foto: Laila Voldengen

Tre personar vart frakta til sjukehuset på Lillehammer etter at campingvognene dei sat i blåste overende. Ingen av dei fekk alvorlege skadar.

Dei ferierande på staden vart rysta av det kraftige uværet. Mellom dei var Anita Sandmo frå Moelv som sat inne ved stovebordet då vogna hennar velta.

- Ei grusom oppleving. Eg kasta meg under stuebordet. Det var redninga, seier Sandmo.

 

Velta campingvogner
Foto: Laila Voldhagen

Unntakstilstand

Området i Strandenga er prega av unntakstilstand. Tre campingvogner blåste over ende, og tre personar vart altså sende til sjukehus med lettare skader.

Men heile området er prega av det kraftige uveret. Fortelt er revna, leikeutstyr er øydelagt og langs heile Mjøskanten ligg tre strødd.

Katastrofområde

Politikonstabel Harald Udnæseth ved Vestoppland politidistrikt, seier området ved Strandenga i går kveld var eit katastrofeområde.

I tillegg til tre campingvogner som blès overende, vart fleire fortelt øydelagt. Eit hus på naboeigedomen til caravanplassen vart skada som følgje av at fleire trær velta overende inn i det.

 

Flere saker fra Innlandet