Golfinteressa er dalanda. Trass i det blir det stadig planlagt fleire golfanlegg i Innlandet.
- Dei ti som er her er allereie mange nok, meiner fleire leiarar av golfbaner i Hedmark og Oppland.
- For mange allereie
Både på Atlungstad i Stange og ved Liermoen i Kongsvinger er bygging av baner i full gang.
Men i dei etablerte golfklubbane i Hedmark og Oppland fryktar dei nå at det ikkje er plass til fleire baner.
- Myndigheitene bør gripe inn, meiner dagleg leiar ved Toten Golf, Bjørn Skoglund.
- Det er ikkje mange nok spelarar til å betale det det kostar å drive ei golfbane, seier han.
Uredd
Sjølv om marknaden kan synast metta, let ikkje initiativtakarane til den nye golfbana på Liermoen i Kongsvinger seg skremme.
- Vi blir ikkje redde av av synkande medlemstal i andre klubbar, seier styreleiar i Kongsvinger Golfklubb, Dag Skedsmo.
- Vi treng 800 medlemmar for å drive den 18-holsbana vil skal bygge, og det trur eg vil gå bra. Men vi må marknadsføre oss godt, seier Skedsmo.