NRK Meny
Normal

Bustad totalskadd i brann på Hamar

Eit hus i Bochgrevinks gate i Hamar vart i morges totalskada i brann. Alle bebuarane i huset kom seg ut.

Politiet fekk melding om brannen 04.15, og brannmannskapet er no på staden.

– Brannvesenet held på å sløkke, alle som bur i huset er ute, og det er ingen fare for spreiing til naboeigedommar, seier Ragnar Øverland som er operasjonsleiar i Hedmark politidistrikt til NRK.

Det bur fem personar i huset, men då brannen starta skal det ha vore to personar i huset.

– Huset er totalskadd, fortel Øverland.