Hopp til innhold

Burde fått legehjelp

Lillehamringen som er sikta for drap på den litauiske kona si, vart overlatt til seg sjølv da han slapp ut av varetekt. Forsvararen meiner mannen burde fått legehjelp.

Lillehammer-mann siktet for drap. Fenglinsgmøte.
Foto: Stig Vestre / NRK

Mannen var sett fri frå varetekt sist fredag. Politiet hald fast på drapssiktinga, men retten gjekk ikkje med på vidare varetektsfengsling.

Dermed vart 54-åringen overlatt til seg sjølv. dette reagerer forsvararen Benedict de Vibe på. Han meiner mannen burde fått oppfølging og legehjelp.

Eit sjokk

I normalsituasjonar finst det ikkje tilbod til dei som blir sette fri, uansett om dei er skyldige eller ikkje. Men i dette tilfellet burde mannen fått oppfølging, meiner de Vibe.

- Det er ikkje mange drapssikta som blir sette fri under etterforskinga, seier han.

Advokaten seier det var eit sjokk for klienten å møte røyndommen med ei drapssikting på seg. 54-åringen tilhøyrer eit rusmiljø, og vegen tilbake til rusen har vore kort. Natt til onsdag denne veka vart han meldt til politiet for å ha bore kniv på offentleg stad.

Ikkje einig

Kommunelege i Lillehammer, Frode Veian, er ikkje einig i at den drapssikta 54-åringen ikkje har hatt noko tilbod om hjelp etter at han slapp ut av varetekt.

Frode Veian
Foto: Rannveig Urdahl / NRK

- Vi stiller ikkje med eige tenesteapparat i slike tilfelle, seier han.

- Vedkomande har fastlege, og mange i same situasjon vil ha hatt kontakt med kommunale tenester, særleg sosialtenesta.Da er det naturleg at dei bruker det apparatet, meiner Veian.

Veian er ikkje framand for at personar som blir sette fri, kan få tilbod om legehjelp. Men han meiner tilbodet er godt nok i dag.

Politiet til Litauen

Politiet i Lillehammer skal reise til Litauen for å avhøre ei tante av kvinna som vart funnen død i ei leiligheit i Lillehammer i midten av mars.

Dei håpar ifølgje GD at tanta skal kunne forklare omstendigheitene rundt valdsepisoda i forkant av at kvinna døde.

Dei to skal ha prata saman kort tid før kvinna vart funnen død.

Den 54 år gamle ektemannen er sikta for forsettleg drap på si 25 år gamle kone.

Flere saker fra Innlandet