Hopp til innhold

Brystkreftkirurgi til Hamar

Styret i Sjukehuset Innlandet har onsdag ettermiddag vedtatt at brystkreftkirurgien skal samlast på Hamar.

Brystkreft
Foto: Illustrasjonsfoto www.Colourbox.no

Det inneber at brystkrefttilbodet ved sjukehuset på Lillehammer blir flytta. Men Lillehammer skal framleis ha eit brystdiagnostisk senter.

Vedtaket er i tråd med det administrasjonen foreslo.

Debatt

Vedtaket vart fatta etter ein lang debatt i styret, tre representantar stemte imot. Dei meinte saksutgreiinga ikkje var god nok og ville utsetja saka.

- Fleirtalet meinte at det var best å avgjera saka nå, seier styreleiar Petter Olsen.

Grunngjevinga for å samla all brystkirurgi på Hamar var at fagmiljøet der er noko større, og at dei har fleire operasjonar. I den nye organisasjonen er bryst- og halskirurgi slått saman, og Hamar har spesialistar også på halskirurgi.

Forslaget om å flytta brystkreftkirurgien frå Lillehammer til Hamar har vekt reaksjonar på Lillehammer. Kamp om brystkreft

Blant spesialistar på Gjøvik og Lillehammer er det frykt for at dette berre er starten, og at sjukehusa vil misse stadig fleire kirurgar til Hamar i framtida. Det seier ansettrepresentant Øystein Stubhaug.

Flere saker fra Innlandet