Arne Brimi tykkjer det er stor stas å bli æresdoktor.(Foto: Berit Roald/Scanpix)
Måndag vart kokken Arne Brimi frå Vågå og Lom utnemnd til æresdoktor ved universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås. (Den tidlegare Landbrukshøgskolen.)
Kronprinsregent Haakon Magnus var til stades under utnemninga.
Brimi seier til NTB at han er litt spent på korleis dei andre i gutta-på-tur-gjengen vil reagere på den nye statusen hans.
Manglar akademisk utdanning
- Dei må nok skjerpe seg litt nå. Det er vel på plass med litt andre formalitetar rundt bordet heretter, ler den folkekjære kokken.
I grunngjevinga for utnemninga heiter det at Brimi gjennom sin aktivitet og filosofi har bidratt til auke forståinga for samanhengen mellom mat, natur og helse.
Det at han manglar akademisk utdanning tek den nye æresdoktoren lett på. Han tenkjer gjerne på menneske og råvarer han har støytt på rundt om i verda som sitt universitet.
Foregangsperson
- Når nokon heilt utan akademisk utdanning blir æresdoktor er det fordi vedkomande har gjort noko som universitetet ønskjer å heidre, seier rektor Knut Hove ved Landbrukshøgskolen på Ås til NTB.
Han meiner at Arne Brimi er ein føregangsperson som klarer å skolere og begeistre det norske folk til å bruke den vakre naturen som omsluttar oss.
Stor stas
Meisterkokken frå Vågå set pris på utnemninga. Han seier det er stor stas at andre verdset det han har dreve med og vore opptatt av i mange år.
Den siste tida har Arne Brimi brukt omgrepet "den opprinnelege smaken" når han skal fortelja om sin matideologi.
Den opprinnelege smaken finst i naturen, som for eksempel ei rype som har levd livet sitt i fjellet.
- Rypa smaker nok likeeins nå som for tusen år sidan, seier Brimi til NTB.