NRK Meny
Normal

Han vart Årets folkemusikar

Ein ung, produktiv og allsidig lomvær vart kåra til Årets folkemusikar under meisterkonserten i operaen søndag.

Aslak Brimi

ÅRETS FOLKEMUSIKAR: Aslak Brimi frå Lom er Årets folkemusiker.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ei lang folkemusikkhelg i Oslo vart avslutta med meisterkonsert på hovudscena i Den Norske Opera søndag kveld. Der vart det delt ut prisar til årets beste plateutgjevingar, til årets folkemusikkarrangør, og ikkje minst til årets folkemusikar.

Nominert i to kategoriar

I elleve år har folkemusikkmiljøet arrangert musikkfestivalen Folkelarm, ein bransjetreff der utgjevarar og utøvarar møtest. Ei viktig hending under Folkelarm er utdelinga av Folkelarm-prisen.

Felespelaren Aslak Opsahl Brimi frå Lom i Gudbrandsdalen fekk overrekt den gjeve prisen Årets folkemusikar 2016. Brimi har trass sin unge alder vunne A-klassa på Landskappleiken heile tre gonger, og han står bak ei lang rekkje plateinnspelingar, både som musikar og produsent.

Brimi var mellom anna produsent for plata Atterljomen som vann pris i kategorien Tradisjonelt samspel. Dette var ei utgjeving med slåttar av Sjugurd Garmo frå Lom, og der hadde Brimi med seg musikarane Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim.

Folkemusikk i operaen

Brimi i front under førre meistermøte for to år sida.

Foto: Folkorg

Arrangørpris til Valdres

Prisen for årets folkemusikkarrangør er ein pris Folkorg deler ut for å synleggjera godt arrangørarbeid. I denne kategorien var det tre nominerte, Folkemusikkveka, Trondheimfolk og Valdres folkemusikkarrangement. Sistnemnde vann og vart gjort ære på frå hovudscena i operaen.