Hopp til innhold

Brimi engasjerte brunostbrukarane

I går var Arne Brimi var på Dagsrevyen og misjonerte for brunosten. Nå har Facebookgruppa "La G35 leve" fått nærmare 10.000 fleire medlemmar på eit døgn.

Arne Brimi

Arne Brime er ein av dei som frontar kampanjen «La G35 leve».

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

I går vart nedlegginga av Lom og Skjåk ysteri i Gudbrandsdalen diskutert heftig i riksmedia. Både i Dagsrevyen og på debattprogrammet Aktuelt på NRK2 vart framtida til Gudbrandsdalsosten grundig debattert.

Lom og Skjåk ysteri er det siste meieriet i Gudbrandsdalen som produserer G35. Ei arbeidsgruppe i Tine foreslår å legge ned ysteriet av økonomiske årsaker, men mange meiner at identiteten til osten vil forsvinne dersom produksjonen forsvinn ut av området.

Video Vil redde G35

9000 fleire medlemmar

La G35 leve

I dag er nærmare 16.000 med i gruppa på Facebook.

Foto: Faksimile / Facebook

Og det er tydeleg at mediedekninga har vekt engasjementet til forbrukarane. Facebookgruppa "La G35 leve" hadde onsdag omlag 6500 medlemmar. Eit døgn seinare er nærmare 16.000 med i gruppa, og talet stig stadig.

– Responsen har vore heilt enorm, og er overraska over kor engasjerte folk er. Det viser at forbrukarane her i landet har makt, seier Arne Brimi.

Dette er krise! Jeg klistrer alltid et bilde av et smalahove og en G35 på studiodøra mi når jeg er ute i verden og arbeider med musikkinnspilling! Og lærer alle som arbeider i studioet å si "Brunost". Don´t take this away from me!!! ;)

Lars K. Hustoft på Facebook-gruppa "La G35 leve"

Han fortel at han var innom Theatercafeen etter TV-opptaka i går, og også der var engasjementet stort.

– Det var ein som tok underskriftslista og gjekk rundt, og også der var det mange som skreiv under.

Video Brunostdebatt

Sjå heile brunostdebatten her (startar etter omlag 11 minutt).

– Vil hjelpe Tine

Den endelege avgjerda om Lom og Skjåk ysteri blir teke på eit styremøte i Tine 26. oktober.

Brimi er usikker på om engasjementet som har kome til syne dei siste dagane vil påverke Tine til å endre planane sine.

– Vi ynskjer fyrst og fremst å få Tine til å sjå det fenomenale varemerket for Tine. Det er ein enorm verdi for dei og vi vil hjelpe dei til å sjå det.

Høyr heile intervjuet med Arne Brimi.

Video Kjemper for Gudbrandsdalosten

Flere saker fra Innlandet