Hopp til innhold

Brann i tømmerhus i Lunner

Det brenn i eit gamalt tømmerhus langs Korsrudlinna i Lunner. Huset er ikkje bebudd, naudetatane er på staden. Brannen skal ha starta på grunn av bråtebrann. Brannvesenet slit med å slukke på grunn av tjukke tømmervegger. Huset er frå 1800-talet, men ikkje verneverdig, seier politiet.

Flere saker fra Innlandet