Audun Bøland vart drepen av ein asylsøkjar da han kjørte Valdres-ekspressen i februar 2003.
Dei etterlatne fekk verken i tingretten eller lagmannsretten medhald i at drapsmannen skulle betale erstatning og oppreising til familien.
(Foto: Thomas Bjørnflaten/Scanpix)
Ny rettspraksis
Årsaka var at han var psykotisk i gjerningsaugneblinken.
Etter behandlinga i lagmannsretten i fjor uttala familien at dei ikkje ville anke saka inn for Høgsterett. Men for nokre månader sidan valde familien likevel å anke saka.
Årsaka var at det var kome ny og relevant rettspraksis på området. Familien meinte også at dei ikkje kunne leve med at drapsmannen slapp unna erstatningsansvar.
Bussjåfør Audun Bøland(bildet) vart drepen på Valdresekspressen i 2003.(Foto: Scanpix)
- Skuffande
Problemet var at ankefristen hadde gått ut da familien avgjorde at dei ville anke. Dei håpa likevel at kjæremålsutvalet ville godta anka, på bakgrunn av ny rettspraksis.
- Men dessverre vart anka forkasta av kjæremålsutvalet den 1. juni. Årsaka var nettopp at ankefristen var gått ut. Det er sjølvsagt svært skuffande, sjølv om både familien og eg var førebudd på at det kunne bli utfallet, seier familien sin bistandsadvokat, Vigdis Magistad til P4.
Ho seier familien, trass i utgangspunktet, tek avslaget tungt.