Hopp til innhold

Bokhandlaren til Lillehammer

Bokhandlaren frå Kabul, Shah Muhammaed Rais, kjem til Lillehammer i dag. Men det er uvisst om han møter Åsne Seierstad.

Bokhandler Shah Mohammad Rais
Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje

I lang tid har det vore ei djup konflikt mellom dei to etter at Åsne Seierstad ga ut boka om bokhandlaren.

Rais føler seg ærekrenka og det er uvisst om det blir ein rettssak mellom dei to etter at Seierstad skreiv om familien i boka.

Rais kjem til Lillehammer som gjest under Litteraturfestivalen.

Ulike versjonar

Det har kome ulike meldinger om Rais vil treffe Seierstad under si vitjing på Lillehammer. Nokon meiner dei to skal møtast til lunsj, medan dette blir avvist frå leiinga i Litteraturfestivalen.

- Rais kjem til Lillehammer klokka 12. Der skal han fyrst på hotellet, og så skal han til Maihaugsalen, seier Tone Kolaas, avtroppande festivalsjef for Litteraturfestivalen på Lillehammer.

Flere saker fra Innlandet