Hopp til innhold

Bokhandlar-frua vil ha asyl

Bokhandlaren frå Kabul sin andre koner frykter for livet sitt, og søkjer no asyl i Norge.

 

Shah Mohammed Rais i Lillehammer
Foto: Arvid Torsgard, NRK

Suraya Rais meiner Åsne Seierstads bok om ektemannen har gjort det så vanskeleg å bu i Afghanistan at ho no søkjer asyl i Norge.

No er det opptil UDI å avgjere om familien til bokhandlaren frå Kabul Shad Muhammed Rais skal få opphald i Norge, skriv VG.

 I Norge i mai

Bokhandlaren og kona fekk turistvisum for å delta på opninga av Litteraturfestivalen på Lillehammer. Den gongen vart det hevda at målsetjinga ikkje var å søkje asyl her i landet.

Men berre ein månad seinare søkte Suraya Rais likevel om å få opphald i Norden.

Boka ut på persisk

Advokat Per Danielsen seier til VG at det særleg to årsaker, som gjer at bokhandlerfamilien noe har tenkt seg grundig om.

Danielsen peiker på at Åsne Seierstads bok no kjem ut på persisk, og dette vil gjere boka meir kjend i Afghanistan.

Shah Muhammad Rais sjølv har så langt ikkje søkt varig opphald i Norge.

 

Flere saker fra Innlandet