Hopp til innhold

Blir det ny skule på Dombås? Se direkte her

Ein buss full av nord-gudbrandsdølar har reist til Lillehammer for å sjå om fylkestinget vil opprette eit treåring vidaregåande tilbod på Dombås. VI SENDER DIREKTE FRÅ FYLKESTINGSMØTET!

Buss frå Dombås på veg mot fylkestingsmøte

Ein buss frå Dombås er på veg for å følgje fylkestingsmøtet på Lillehammer. Dei er ikkje tilfredse med forslaget Arbeidarpartiet har kome med. SJÅ FYLKESTINGSMØTET DIREKTE HER!

Frontane har vore harde i forkant av dagens fylkestingsmøte. Folk i Dovre og Lesja meiner dei har vorte lovd eit fullverdig vidaregåande tilbod på Dombås.

Politikarane er usikre på om det er lurt å opprette eit nytt tilbod i ein region der folketalet går ned.

Etter lange gruppemøte vart det i går kveld klart at Arbeidarpartiet går for eit eittårig tilbod i studieførebuande fag, samt eittårige tilbod i yrkesfaga service- og samferdsel og helse- og oppvekstfag. Ifølgje GD støttar både SV og KrF dette forslaget, og dermed er det eit fleirtal for dette i fylkestinget.

– Dette er eit dårleg forslag. Eit treårig vidaregåande løp på Dombås er det einaste rette for innbyggjarane i Lesja og Dovre. Dette har vore ein langvarig prosess som har gått over fleire år, så kjem dei med eit forslag til løysing under 12 timar før møtet, som vi meiner korkje er fugl eller fisk. Det er vanskeleg å stelle seg til, seier Øyvind Frich frå Arbeidarpartiet i Dovre.

Fleirtal for treårig løp

Avstandane er store i Nord-Gudbrandsdalen, frå Bjorli til Otta er det ti mil. Også politisk er det altså stor avstand, Ap-politikarane i Dovre og Lesja har truga med å avslutte samarbeidet med Oppland Arbeiderparti dersom det ikkje blir eit treårig skuletilbod på Dombås.

Den tradisjonsrike vidaregåande skulen Hjerleid på Dovre vart bestemt nedlagt i februar. I samband med det vedtaket gjorde fylkestinget det klart at dei ønska å opprette eit tilbod på Dombås i staden.

Folk på Dovre og Lesja meiner at dei vart lovd eit fullverdig, treårig løp. Det er ikkje nødvendigvis politikarane einige i, og mange moglege løysingar har vorte skissert.

Ein full buss med norddølar reiste i dag til Lillehammer for å følgje møtet. Dei trugar med å melde seg ut av partiet dersom det ikkje blir oppretta eit treårig løp på Dombås.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å lytte. Arbeidarpartiet har valt å binde si gruppe til eit forslag som vi meiner ikkje er godt nok. Vi må lytte og evaluere når dagen er ferdig, seier Øyvind Frich.