NRK Meny
Normal

Bjørn felt i Ringebu

Det var fellingslag frå Hedmark som i natt felte ein bjørn som dei siste dagane har gjort stor skade på sau i Ringebu.

Bjørn skutt i Stor-Elvdal

SKUTT: Denne bjørnen ble skutt i Ringebu i natt.

Foto: Privat

Klokka tre i natt vart ein bjørn felt i Ringebu. Det var fellingslag frå Hedmark og eit par jegerar frå Oppland som dei siste to dagane har jakta på bjørnen.

Per Magne Ophus frå Statens naturoppsyn seier at bjørnen vart sett seint i går kveld da han låg og åt eit lam. Seinare fekk fellingslaget hjelp av hund, og bjørnen vart felt på Ringebusida klokka tre i natt.

Sju kadaver

Bjørnen har truleg tatt mykje sau i området, og nokre av dei som er attfunne er heilt oppete.

Per Magne Ophus har har funne sju kadaver, og jobbar nå vidare med kadaverundersøkingar. Det er funne sju kadaver, og Ophus trur alle dei er tatt av bjørn.

Bonde Ingvald Landet eig fleire av sauene som er tatt, og seier han har mista oversikta.

– Dette er ikkje noko nytt for oss, seier Landet.

Men Landet seier at konflikta med rovdyr har kome den siste tida.

– Eg har sjølv funne to sauer, men akkurat nå har eg har ikkje oversikt over kor mange det er som er tatt, seier sauebonde Ingvald Landet.

Jaktar ny ulv

I natt felte dei ein bjørn, og i går vart ein ulv felt i same området. Nå er det gjeve fellingsløyve på enda ein ulv.

Det var Per Magne Ophus som observerte den siste ulven. Han var i området for å sjå etter kadaver, og på tur heim att møtte han ein ulv som gjekk langs vegen.

Tidleg i dag vart det gjeve fellingsløyve også på den siste ulven som er observert. .

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND