Hopp til innhold

Birkenhelg og sykkelfest

Trass i ymse verforhold, har vi fått berre gode attendemeldingar frå deltakarane, seier dagleg leiar i Birken, Jo Gunnar Ellevold.

glimt frå birken 2016, sykkel

Sjå video frå birken 2016.

Det har vore ei birken-helg med svært varierande forhold. Det byrja litt tøft på fredag med regn, vind og skodde, verst var det for dei som var oppe i fjellet i Ultra-traseen.

Svært godt nøgd

Men laurdag viste vergudane seg frå ei mildare side, det var sol og flotte forhold, og løypene tørka ganske bra i traseen, seier Jo Gunnar Ellevold.

–Eg tykte det var ekstra gledeleg at birkendronninga Gunn Rita Dale kom attende og vann for niande gong, seier Ellevold.

I dag har 1500 ungdommar og barn samla seg på birkebeinerstadion til UngdomsBirken.

–Er det ingen som er sure etter ein fjelltur i ver og vind?

–Nei, syklar ein i norsk fjellheim må ein rekne med varierande ver og føre, og eg trur vi nordmenn set pris på den variasjonenen, seier Jo Gunnar Ellevold, dagleg leiar i Birken.

Kult med stigsykling

I år hadde vi rekord på Ultrabirken, trass i dårleg ver, og det er tydeleg at mange vil ha nye utfordringar og freiste seg på stigsykling, seier Ellevold.

–Den nye traseen vår er 6 km kortare enn den gamle, så vi har ikkje noko direkte samanlikningsgrunnlag, men tidene var ikkje så gode som vi trudde, og det kan nok skuldast at det var ein del motvind over fjellet, seier Jo Gunnar Ellevold.

Flere saker fra Innlandet