Birkebeinarar blir sjekka

Mange av deltakarane i årets birkebeinerritt har slite med magetrøbbel. Det har gjort Folkehelsa nysgjerrig.

Birkebeinerrittet
Foto: Olsen, Geir Geir Olsen / VG Geir Olsen

Fleire av deltakarane har hatt diaré og oppkast, og derfor blir det nå sendt ut spørjeskjema til alle som var med på sykkelløpet.

Det fortel lege Tone Bruun ved Folkehelseinstituttet.

- Vi arbeider jo med smittsame sjukdommar og er derfor interessert i å vita kor mange som har vorte sjuke, og kvifor, seier Bruun.

Folkehelseinstituttet vil også sjå kva som kan gjerast for å hindre at slike ting skjer ved liknande løp seinare.

Dyremøkk kan vera årsaka

Folkehelsa veit ikkje kor mange som vart sjuke under Fredagsbirken eller Birkebeinerrittet. Men dei har mistanke om at det er ganske mange. Årsaka til sjukdomsutbrota er usikker, men Folkehelsa har sine mistankar. Det var mykje gjørme i løypa, og både sauer og storfe beitte i områda der rittet går.

- Vi lurer på om møkk frå dyra kan ha blanda seg med gjørma. Bakteriar og parasittar frå avføringa kan vera forklaringa, seier Tore Bruun.

I alt 19 000 spørjeskjema blir sende ut for å finne svaret.