Hopp til innhold

Bevisstlaus under raset

Situasjonen var alvorleg for ein av mennene som vart tatt av snøraset i alpinanlegget på Bjorli søndag.

Video nsps_upload_2010_1_31_21_54_39_850.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Klikk på bilete for å sjå intervjuet med snøbrettkøyraren.

Peter Henriksen Ringstad

Peter Henriksen Ringstad vart teken av ras søndag.

Foto: Geir Olav Slåen

Les også:

Trudde han drøymde

Peter Henriksen Ringstad frå Molde vart liggjande bevisstlaus under snøen i tjue minutt før redningsmannskapa fekk han ut.

Den andre brettkøyraren som hamna under snømengdene, kom seg ut på eiga hand.

Henriksen Ringstad trudde han hadde legi og sove da han kom til seg sjølv.

- Det var som å vera i ein draum, først trudde eg at eg låg og sov. Men etterkvart skjønte eg at eg hadde vore i eit skred, og at dei hadde redda meg.

Frigjorde ei hand

Dei to mennene køyrde ned eit upreparert heng, og Peter Henriksen Ringstad køyrde først da han merka at ei heil fjellside losna. Han klarte da å køyre frå raset så langt det gjekk. Men så hamna han i ein krattskog der brettet hekta seg fast, og han fekk snømengdene over seg.

- Eg fekk panikk og låg veldig fast. Men etter kvart klarte eg å få venstre handa fri, slik at det vart luft. Det hugsar eg, men så miste eg bevisstheita.

- Når køyrer du snøbrett neste gong?

- Nei, eg er ikkje sikker på når det kan bli. Men det eg er sikker på, er at eg kjem til å skaffe meg skredvarslar så snart som råd. Eg køyrer ikkje brett att utan det.

Legesjekken viste at moldensaren raskt kom i fin form att.

Kristian Skaar og Peter Henriksen Ringstad vart tatt av ras på Bjorli

Kristian Skaar og Peter Henriksen Ringstad vart tatt av ras på Bjorli

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Flere saker fra Innlandet