Betre jobb med liten høneblund

Kan ein liten lur gjere deg til ei betre nattevakt? Det vil forskarar ved Sjukehuset Innlandet finne ut av.Dei vil samanlikne vakne og sovande.

Liten høneblund kan gje betre vakt
Foto: , Scanpix

Å arbeide på natta kan vere tøfft. Ein liten blund i løpet av vakta kan bøte på dette, trur overlege Odd Auglænd ved Sjukehuset Innlandet.

Jens Petter Solberg skulle absolutt vite hva han snakker om. Han har nemlig gått nattevakter på Sanderud sjukehus i 18 år.

Ein vanleg arbeidsdag for Solberg startar klokka seks over ni om kvelden. Og medan dei fleste av oss ligg under varme dyner og draumer og snorkar så er Solberg vaken på jobb heile natta, heilt til klokka sju. Det er med tanke på slike faste nattevakter, Helse Øst har bevilga nesten 1,7 millionar kroner til dette forskningsprosjektet, fordelt over to år.

Overlege Odd Auglænd ved Sykehuset Innlandet er en av dem som skal forske på høneblunden. Han seir at dei har hatt ei stabil nattevaktsgruppe på sjukehuset. - Vi vil ta vare på dei, og sjå om vi kan gjere kvardagen deira betre. Vi vil finne ut om ein høneblund vil gjere at dei fungerar betre både på jobb og fritid. Nattevaktene er ei viktig gruppe. Vi gjer dette også for å behalde dei.

Samanlikne

For å finne ut korleis høneblunden virkar, skal to grupper samanliknast. - Den eine får sove på jobben én måned, den andre ikke. Så bytter vi om og samanliknar, seier Auglænd. Jens Petter Solberg meiner det kan vere smart med både kvile og strekke litt på beina under ei nattevakt - men han trur det kan bli vrient å få til dette med å sove...:

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND