Lars Berger (25). (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
Halsproblema til Lars Berger for Lesja har blitt så store at han vurderer å stå over verdscupopninga i skiskyting på Beitostølen torsdag.
- Dårleg nytt
- Søndag måtte eg byrje på ein penicillinkur, og fekk beskjed om å ta det med ro, seier Lars Berger til VG.
- Det var dårleg nytt for ein kar som ønskjer å flyge fort i skogen, legg han til.
For to veker sidan vant lesjingen Beitosprinten i spesiallangrenn. Førre helga skulle han ha reist til verdscupen i spesiallangrenn i Kuusamo i Finland. Men også da måtte han stå over på grunn av halsproblema.
Ventar ei veke til?
- Nå fryktar eg at heile verdscupopninga i skiskyting kan gå i vasken, seier Berger.
- Blir eg ikke kvitt halsproblema med det fyrste, må eg høyre med legen om eg skal vente til rennet i Holmenkollen neste veke. Eg vil ikkje ta nokon sjansar, seier 25-åringen.