Hopp til innhold

Ordførarar ber regjeringen strekke seg langt i jordbruksoppgjeret

Åtte ordførarar i Fjellregionen har skrive brev til regjeringa der dei ber om eit godt jordbruksoppgjer.

Ku

Ordførarane i Nord-Østerdalen ber om meir pengar til landbruket.

Foto: Shaun Best / Scanpix/Reuters

Eit jordbruksoppgjer står for dørene, og nær sagt som vanleg er det stor skilnad mellom kravet frå bøndene og det staten har å tilby. Jordbruksorganisasjonane har likevel gått med på å starte forhandlingar.

Landbruket står for 25 prosent av verdiskapinga i Nord-Østerdal, og dei åtte ordførarane i den såkalla Fjellregionen har sendt brev til landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, der dei ber om eit godt jordbruksoppgjer.

– Vi oppfordrar regjeringa om å strekke seg langt i å legge til rette for den jobben bonden gjer. Det treng vi, skriv ordførarane i Tolga, Alvdal, Folldal, Rendalen, Os, Tynset, Røros og Holtålen i brevet.

Dei peikar også på at landbruket er meir enn ei næring, og også er viktig for kulturlandskapet, matkulturen, tradisjonar og identitet i området.

Flere saker fra Innlandet