Hopp til innhold

Sende SMS til alle foreldre etter at elev vart funnen død

Skulesjefen i Elverum seier dei gjer det dei kan for å ta vare på medelevane etter at ein 13-åring og far hans vart funnen døde i eit hus i kommunen fredag kveld.

Elverum ungdomsskole

Guten som vart funnen død i Elverum fredag kveld var elev ved Elverum ungdomsskole.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Politiet meiner at faren i 40-åra tok livet av sonen før han tok sitt eige liv.

– Vi stiller med det vi har av støtte for å ta vare på medelevane når dei kjem på skulen i morgon. Både skulehelseteneste, psykolog og kriseteamet er mobilisert, seier skulesjef i Elverum kommune Tord Arnesen.

Sundag ettermiddag skal skuleleiinga møtast for å leggje ein plan for korleis dei best mogleg kan ta imot elevane måndag morgon.

– Vi er opptekne av å informere best mogleg og at det skal vere rom for sorg og spørsmål, seier Arnesen.

– Openheit er det beste rådet

Rektor ved Elverum ungdomsskole sende sundag ut ei melding om at elevane skal møte opp i klasserommet til vanleg tid i morgon for å få informasjon om det som har skjedd.

Skulesjef Tord Arnesen seier at det viktigaste rådet dei har til foreldre og føresette er å prate opent om det som har skjedd.

– Snakk med barna. Ikkje overdramatiser og gjer det større, men snakk om det som har skjedd og at det er eit ekstremt tilfelle. Det er viktig å snakke om det på ein ordentleg måte, slik at dei ikkje går rundt og lurar på noko.

Leiar Unni Hågensen i det psykososiale kriseteamet ber folk som ynskjer hjelp ta kontakt.

– Vi er klare til å bistå dei som treng det. Dersom det er nokon som føler at dei treng hjelp frå oss så skal dei ta kontakt med legevakta, som igjen kontaktar oss, seier ho til Elverum kommune sine nettsider.

To bygder i sorg

Faren og 13-åringen melde flytting til Elverum frå ein annan kommune i Hedmark i fjor haust. I deira tidlegare heimkommune Nord-Odal blir det halde opent hus med kriseteam, prest og skule sundag kveld.

– I utgangspunktet er det ei open dør for folk som ynskjer å prate saman etter at ei tragisk hending har skjedd. Vi ynskjer å gje folk høve til å vere saman når noko så spesielt har skjedd, seier ordførar i Nord-Odal Lise Selnes.

Ho fortel at dei nå arbeider med å førebu korleis elevar i Nord-Odal skal takast i mot når dei kjem på skulen i morgon.

Lokalt politi og Kripos har i helga gjort undersøkingar på funnstaden. Begge dei døde er sendt til obduksjon, og det er venta at ein foreløpig obduksjonsrapport vil kome tysdag.

– Vi vil framleis jobbe med denne saka for å få kartlagt alle forhold rundt dødsfalla, sa politiadvokat Kaja Løhren Borg i Innlandet politidistrikt til NRK laurdag kveld.

Politiet ynskjer ikkje å gå nærmare inn på dødsårsak eller kven som melde frå til politiet om dødsfalla.

Biler og sperrebånd ved åstedet for hvor en far og en mindreårig sønn ble funnet døde i Elverum

Kripos og lokalt politi har i helga gjort undersøkingar der to personar vart funnen døde i Elverum.

Foto: BJØRN OPSAHL / NRK

Flere saker fra Innlandet