NRK Meny
Normal

– Hald dykk unna ulven

Norges Miljøvernforbund meiner det blir dreve ein organisert svertekampanje mot Slettås-ulvane. Dei meiner folk bør halde seg unna revirområdet, slik at ein slepp dei mange konfliktene.

ulv

Miljøvernforbundet meiner det pågår ei svertekampanje mot ulvane i Slettås.

Foto: Nrk / NRK

I Slettås i Trysil meiner folk at ulven har vorte så nærgåande at den er i ferd med å øydeleggje lokalsamfunnet.

Ulvefrykta vart ikkje mindre da Harald Nysæter kunne fortelje at han og hundane hans vart omringa av fleire ulvar da han var på joggetur i Åmot.

– Svertekampanje

Norges Miljøvernforbund meiner nå at det pågår ei organisert svertekampanje mot ulvane i området.

– Det er folk som prøvar å farleggjere dyra, og vise at ulvane er nærgåande og trugande. Som regel er det folk som ynskjer ulven dit peparen gror, som opplever slike ting, seier rovdyransvarleg i Miljøvernforbundet, Jon Bakke.

I går la svenske forskarar fram ein rapport der dei meiner flekking av tenner hjå ulv er heilt normalt. Bakke i Miljøvernforbundet meiner det beste er at folk rett og slett held seg unna ulveområda.

– Ein måte å dempe konfliktnivået på er å halde seg mest mogleg unna dei kjente områda der ein veit at ulvane patruljerer.