Hør intervjuet med Erik Østlie i Øystre Slidre Idrettslag. Intervjuer Ivan Hagen.
Renna skulle vore avvikla neste helg. Det fins ikkje snø og heller ikkje tele i bakken.
- Vemodig
Arrangørane, Øystre Slidre Idrettslag, jobber med å arrangere verdenscupåpninga i langrenn 19.- 20. november.
- Det er vemodig for oss for vi har jobba mykje med dette og 21 gonger har vi arrangert rennet. Men ei avgjerd måtte bli tatt no fordi det er så mykje transport som må ordnast i samband med Beitosprinten, seier Erik Østlie, arrangementsansvarlig i Øystre Slidre IL.
Han peker blant annet på at NRK skal opp med sitt utstyr i åtte-ti lastebilar, tidtakarane kjem frå Sveits og elektronikken kjem frå Finland.
- Derfor måtte vi komme med denne konklusjonen nå, sier Østlie.
Bare mildver
Østlie seier heller ikkje verprognosene er dei beste. Frå Meterologisk Institutt har dei fått melding om at det vil vere mildt dei neste ti dagane.
- Vi har litt snø her i ei lita sløyfe på ein kilometer, men det er det einaste, seier Østlie.
Han seier dette betyr mykje for Øystre Slidre Idrettslag.
- Ein risikerarar mange kakelotteri i kommunen framover for å dekkje inn dette, seier Østlie.
Han har tru på at verdenscupåpninga går som normalt 19. og 20. november.