Hopp til innhold

- Trudde eg skulle dø

Ungdomsgjeng angreip bussjåfør med biljard- og bowlingkuler etter at broren vitna i ei narkotikasak

Tormod Forårsveen

Tormod Forårsveen er kraftig mørbanka etter det brutale angrepet.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det var ved rutebilstasjonen i Elverum Tormod Forårsveen fekk kraftig juling av ein ungdomsgjeng i går ettermiddag. Minst fem ungdommar angreip han og slo han med biljard- og bowlingkuler, samt eit belte.

Han vart sendt til sjukehus med ansiktsskader og hjernerystelse etter angrepet.

- Eg fekk fyrst ein smell i fjeset, så drog dei meg ut av bussen og sparka og slo meg, fortel Forårsveen frå sjukesenga på Elverum sjukehus.

Familien utsett for truslar

Han seier at han frykta for livet under angrepet, men at han vart redda av to kollegaer som raskt kom til staden.

- Dersom dei ikkje hadde kome så fort er eg redd eg ikkje hadde sete her i dag, seier Forårsveen stille.

Han fortel at han og familien hans har vore utsett for truslar etter at broren hans vitna i ei narkotikasak, og at det kan vere bakgrunnen for angrepet.

- Mor mi og bror min har fått drapstruslar, eg sjølv har fått meldingar via Nettby. Ei av mine næraste tør ikkje å sende ungane på skulen og tør ikkje å gå ut sjølv. Ho har til og med reve namneskiltet av postkassa fordi ho er livredd for at det skal kome fleire.

Tormod Forårsveen fekk slått ut ei tann under angrepet
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Vart banka opp av ungdomsgjeng.

- Det var ikkje ein tilfeldig person

Fire ungdommar i 16-17 årsalderen er avhøyrt i saka og har innrømma at dei var ved bussen. På grunn av sin låge alder blir dei likevel ikkje varetektsfengsla, men har fått besøksforbod overfor familien.

Politistasjonsjef i Elverum Tom Johnsen understrekar overfor NRK at valdshendinga i går ikkje var blind og umotivert, men at det heile har ei forhistorie.

- Det var ikkje ein tilfeldig person som vart slått ned, seier Johnsen.

Han fortel at dei har fått fleire meldingar den siste tida om ungdomsgjengar som har truga elevar på ungdomskulen og den vidaregåande skulen.

- Det er viktig at slike episoder blir meldt til politiet slik at vi kan gjere noko med det, seier politistasjonsjef i Elverum Tom Johnsen.

Tormod Forårsveen

Forårsveen vart innlagt på sjukehus etter åtaket.

Foto: Frode Meskau / NRK

Flere saker fra Innlandet