16 personar frå politi og Røde Kors var med på leitinga, som vart avlyst da mannen kom fram til hytta si tidleg om morgonen.
Vurderer saka
Politimeisteren vil sende si innstilling til Hovudredningssentralen, som deretter sender si avgjerd til Justisdepartementet.
- Viss mannen ikkje har gjort noko for å ta kontakt, er det rett og slett dårleg fjellvett, seier Arvid Røste, som er operasjonsleiar ved Gudbrandsdal politidistrikt.
Men enno er det for tidleg å seie noko om utfallet av denne saka. I påska var det i Gudbrandsdalen to leiteaksjonar som ein kunne spart seg.
Ein brumunddøl tok toget heim frå Kvitfjell, men sa ikkje frå til reisefølgjet sitt.