Hopp til innhold

Auke i mobilbøter

Stadig fleire hedmarkingar og opplendingar blir bøtelagte for å prate i mobiltelefonen mens dei køyrer bil.

Håndholdt mobil i bilen

Fleire bøtelagt for å snakke i mobil i bil

Foto: Arild Pettersen / NRK

I fjor fekk 506 sjåførar bot i Hedmark, det er ei auke på nesten 400 bøter frå 2007.

I Oppland vart 452 sjåførar bøtelagte i fjor, som er ei auke på om lag 40 personar frå året før.

Det viser tal frå Statens Innkrevingssentral.

Politiet prioriterer

Årsaka til auken er neppe at fleire enn før snakkar i mobil utan handsfree, men at fleire blir tatt for det. Det seier distriktsleiar i UP, Knut Erik Storbæk. Det siste året har politiet prioritert dette området høgare, og har vorte meir effektive i måten dei arbeider på.

Politiet har skaffa utstyr som både kan kontrollere at oblaten på bilen har riktig farge, at føraren bruker bilbelte, og i tillegg kontrollere om den som køyrer, snakkar i mobil utan handsfree.

Trafikkfarlege

- Kvifor denne prioriteringa?

- Hovudårsaka til trafikkulykkene i Norge er at sjåføren har merksemda si på andre ting enn å køyre bil, seier Storbæk. - Det å snakka i mobil eller sende tekstmeldingar distraherer føraren slik at dei blir mindre trafikksikre.

Storbæk trur ikkje fleire enn før bryt trafikklova på dette området, men det er altså fleire som blir oppdaga og bøtelagte. Og det er bra at vi avdekkjer fleire, seier han.

Flere saker fra Innlandet