Sendingane har nå ei dagleg oppslutning på 37,3 prosent. Det er ein auke på 0.3 prosentpoeng.
Meir enn gjennomsnittet
Oppslutninga om NRK Hedmark og Oppland er større enn gjennomsnittet for distriktssendingane i radio.
Den er litt større i Oppland enn i Hedmark. Heile P1 auka i fjor og distriktssendingane i heile landet er med på dette.
Men da distriktssendingane i Hedmark og Oppland vart slått saman sommaren 2002 meinte mange at det kunne føre til at lyttarane ikkje ville like det dei høyrde. Det har altså vist seg å vere feil.
Held stand
- Etter to og eit halvt år kan vi slå fast at vi held på lyttarane, seier distriktsredaktør Inger Johanne Solli.
Det viser seg at det ikkje har noko å si for oppslutninga kvar sendingane blir sendt frå.
På den viktigaste sendetida om morgonen har vi auka i Oppland. Og den sendinga går frå studio i Elverum.
- Vi har gjort vårt beste for å skape flater som lyttarane i begge fylke kan identifisere seg med, seier Solli som meiner at lyttartala er eit teikn på at NRK Hedmark og Oppland på god veg har lukkast med fellessendingane.
Slik det ser ut nå, er folk i Oppland litt meir nøgde enn hedmarkingane. Fjorårets framgang er i Oppland, medan oppslutninga går svakt ned i Hedmark.