Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot irske kriminelle

Politiet mistenkjer at irske seljarar har vore på heile Austlandet for å drive med organisert menneskehandel.

Øyvind Bjerke

ÅTVARAR OLA NORDMANN: Politioverbetjent Øyvind Bjerke seier irane brukar mange metodar for å få nordmenn til å gå på limpinnen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

No har politiet i Gudbrandsdalen innleia eit samarbeid med Kripos og åtvarar folk mot irane som mellom anna prøver å selje aggregat og motorsager.

Ifølgje politioverbetjent Øyvind Bjerke ved Gudbrandsdal politidistrikt opptrer irane svært aggressivt, og oppsøkjer ofte folk i heimane sine:

– Dei kan opptre trugande, og oppsøke folk kvar som helst.

– Observert på heile Austlandet

I fjor dukka irane opp i Gudbrandsdalen i mai. Både då og i nokre år før det var det først og fremst steinlegging dei reiste rundt og tilbaud.

Men i år er dei her allereie i mars:

– I år har vi allereie denne månaden fått meldingar om irane frå heile Gudbrandsdalen, og også andre stadar på Austlandet har politiet fått tips om at dei har byrja å bevege seg.

– Mange går på limpinnen

Metodane dei irske kriminelle brukte mellom anna i Lillehammer i fjor gjorde at mange huseigarar vart lurte trill rundt, seier Bjerke:

– Irane har fine papir, og gir Ola Nordmann to prosent rabatt slik at han på limpinnen, betaler ut 10-20 000 i forskot, og så forsvinn dei.

Også Kripos er involvert i denne saka.

Mistenkte for menneskehandel

For det er ikkje berre aggressivt sal av aggregat og andre reiskapar irane er i politiets søkelys for.

Dei er også mistenkte for rein menneskehandel:

– Dei er mistenkte for heile registeret av kriminalitet: Dette handlar om tvangsarbeid, menneskehandel, vald og trugslar, vinningskriminalitet, økonomisk kriminalitet, dei har falske papir og falske førarkort.

Bjerke seier det er ein internasjonal dimensjon over kriminaliteten irane driv med, og ser på det heile som ei kjempeutfordring.

Flere saker fra Innlandet