Heile 26 personar i Hedmark og Oppland har så langt i år anten gått personleg konkurs eller enda i skifteretten med enkeltmannsforetaket sitt.
Og driv du eit enkeltmannsforetak og går konkurs står du personleg ansvarleg for gjelda i årevis.
Dyrare med aksjeselskap
- Eg vil åtvare mot enkeltmannsforetak, og meiner aksjeselskap er tryggaste løysinga, seier skattefogd i Oppland, Britt Lundgård.
- Men det kostar pengar å drive i denne forma, legg ho til. Likevel vil ho rå folk til å satse på aksjeselskap for å ha det litt tryggare økonomisk.
I Hedmark auka talet på personlege konkursar, eller konkursar i enkeltmannsforetak, frå 13 i fjor til 16 så langt i år. I Oppland er det registrert 10 konkursar så langt i år, det same som i heile fjor.
Kast inn handkledet tidlegare
Bedriftsrådgjevar i Lillehammer, Edvard Stavseth, held kurs i nyetableringar.
- Eg ville ikkje ha starta enkeltmannsforetak, men heilt klart vald aksjeselskap, seier han.
- Folk bør innsjå tidlegare når ei bedrift ikkje går lenger, meiner Stavseth.