Regiondirektør i UDI, Geir Halmrast, trur at tre til fire mottak i dei to fylka vil forsvinne. UDI skal i løpet av våren gje svar på kva slags mottak skal leggjast ned.
Spente
Mellom dei som er spente på avgjerda er Norsk Mottaksdrift og leiar Arnt Sveen.
- Vi er spente på kva dette vil få av konsekvensar. Det er klart dei tilsette og er uroa over dette, seier Sveen.
For Norsk Mottaksdrift har fem av dei 19 asylmottaka i Hedmark og Oppland.
Nå kjem det færre asylsøkjarar til Norge, og regiondirektør i UDI, Geir Halmrast, ventar nå berre på beskjed frå sentralt hold om kor mange mottak som skal vekk.
400 mottaksplassar
Halmrast trur det kan dreie seg om opp mot 400 mottaksplassar som blir borte.
- Vi har gjort ulike tiltak ved mottaka. Det er allereie bestemt at asylmottaket på Rena blir lagt ned. Og nedlegging av mottak skal skje etter visse kriterier, der dei som driv best, truleg får bestå, seier Halmrast.
Det er fire-fem årsverk som er knytt opp til eitt asylmottak.
I tillegg kjem kommunale stillingar innan helse og vaksenopplæring til å vera i faresonen når mottak forsvinn.
Kjempar
- I Norsk Mottaksdrift arbeider dei tilsette hardt for å overbevise UDI om at nettopp deira mottak skal bestå, seier Arnt Sveen.