NRK Meny
Normal

Åstadsinspeksjon i Søndre Land: Ueinige om kor bilen stod under drapet

SØNDRE LAND (NRK): I dag fekk dei tre tiltalte i Dokka-drapssaka vise og forklare kva som skjedde på åstaden der Nils Olav Bakken vart drepen.

Sladdet bilde Søndre Land

INSPEKSJON: Dei tre tiltalte var med på staden der Nils Olav Bakken vart funne drepen. Her saman med kvinnas forsvarar Arnor B. Ilstad.

Foto: Line Marie Fosser Vogt / NRK

Førre veke gav dei tre tiltalte sine forklaringar i Gjøvik tingrett. I dag fekk dei gjere presiseringar og forklare seg ytterlegare på åstaden der Nils Olav Bakken vart funne drepen i september i fjor.

Politiet la òg fram kriminaltekniske funn frå åstaden. Blant anna kor bilen stod då Bakken vart drepen var eit tema i dag. Politioverbetjent Audun Kolstad frå Kripos la fram funn av hjulspor på staden.

Ueinige om kor bilen stod

Dei tiltalte fekk òg forklare kor dei meinte bilen stod. Den hovudtiltalte forklarte at bilen stod annleis til enn kva den 44-årige kvinna og den 20-årige mannen forklarte.

Dette er eit sentralt punkt fordi kvinna har fortalt at ho sat i bilen då Bakken vart tent på. Sonen hevdar òg at han var i nærleiken av bilen.

Aktor Thorbjørn Klundseter vil kome nærmare tilbake til dei ulike forklaringane i prosedyren, men seier at det har vore forskjellar i forklaringa heile vegen på dette punktet.

Thorbjørn Klundseter

INSPEKSJON: Aktor Thorbjørn Klundseter meiner at ein slik inspeksjon er viktig i ein sak som dette.

Foto: Line Marie Fosser Vogt / NRK

Vart funnen på ryggen

Kripos viste kor Bakken låg då han vart funnen og forklarte at han låg på ryggen. I tillegg forklarte dei at alle gjenstandar som vart funne på staden vart funne innanfor ein radius på fem meter frå offeret.

Heile denne måndagen var sett av til åstadsinspeksjon i Søndre Land.

– Åstadsinspeksjonen vart gjort på oppmoding frå påtalemyndigheitene, og det er på grunn av at det er utført ei rekonstruksjon kor ein av dei tiltalte deltok, mens to av dei tiltalte ikkje ønska å ta del i rekonstruksjonen, seier Klundseter.

Les òg: Hovudskulda: – Eg må stå for det eg har gjort

Andre veke i rettssaka

Tiltalt 44-åring

FORKLARING: Dei tre skulda gav førre veke sine forklaringar i Gjøvik tingrett.

Foto: Line Fosser Vogt / NRK

Rettssaka er i andre av dei to avsette vekene. Før helga forklarte den 44-årige kvinna at det aldri var meininga å drepe Nils Olav Bakken.

Den tiltalte 20-åringen, som er kvinnas son, forklarte i går at mora hadde gitt ham eit par hanskar før drapet og at ho henta kniven Bakken vart drepen med.

Den hovudtiltalte 36-åringen sa i si forklaring førre måndag at dei to andre medskulda fullt ut støtta drapshandlinga i skogen i Søndre Land. Dei to nektar for å ha vore med på drapet.

Rettssaka avsluttast fredag den 30. juni.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Tysk bokpris til Åsne Seierstad

    Journalisten og forfatteren Åsne Seierstad, får en høyhengende, tysk bokpris.Hun får prisen Leipzig Book Award for European Understanding 2018, for boka "En av oss". Det er historia om mannen som utførte terrorhandlingen her i landet 22.juli 2011.

    Åsne Seierstad
    Foto: Hilde Bjørnskau / NRK
  • Nysatsing rullator-produksjon

    Bedriften Topro Industri i Gjøvik får 50 millioner kroner i ny kapital. Det skjer for å styrke produksjonen av rullatorer på det internasjonale markedet. Topro Industri har 150 ansatte. Selskapet er av Europas ledende produsenter av rullatorer.

    Produksjon av rullatorer på Topro Industri
    Foto: OA.no
  • Flere barnefamilier trenger hjelp

    Flere barnefamilier trenger hjelp mot jul, ifølge Hedmark Røde Kors. Organisasjonen har god respons på sitt ønske-juletre på CC stadion i Hamar. Her henges ønskelister fra barn i familier med dårlig råd. Folk kjøper gavene, som fordeles av Røde Kors.

    ØNSKE-JULETRE; på CC Stadion i Hamar har Røde Kors satt opp juletre,der barn henger opp ønske-lapper
    Foto: Frode Meskau / NRK