Hopp til innhold

Aspeli blir ordfører i Hamar

Etter mykje politisk spetakkel er det endeleg klart: Morten Aspeli frå Arbeiderpartiet blir ordførar i Hamar.

Aspeli får ordførerkjedet

Avtroppande ordførar Einar Busterud gav frå seg ordførarkjedet til Morten Aspeli onsdag kveld.

Foto: Elin Fossum / NRK

I kveld var det konstituerande kommunestyremøte, og det vart endeleg heilt klart at Aspeli blir ordførar.

Det var ei avtale mellom Arbeiderpartiet, KrF, SV, Pensjonistpartiet og Stein Frøysang i Venstre som skulle føre til at Aspeli vart ordførar, Geir Byberg frå KrF varaordførar og Frøysang politikar i halv stilling.

Men det vart skjær i sjøen da det viste seg da Østlendingen avslørte at Frøysang både hadde gjeve fleire feil opplysningar i sin cv på Facebook, og hadde skreve reiserekningar frå Oslo til Hamar.

Vil jobbe for Innlandet

Men i dag var alle usemjer gløymt, og ein stolt Aspeli kunne ta imot ordførarkjedet frå Einar Busterud.

– Eg må seie tusen takk til veljarane for tilliten eg har fått. Eg er stolt og glad og audmjuk for oppgåva eg har framfor meg. Eg skal gjere mitt beste for Hamar og innbyggjarane i Hamar, seier Aspeli til NRK.

Han fortalte samtidig at han ynskjer å få til eit betre samarbeid med dei andre kommunane i Hedmark og Oppland.

– Eg ynskjer å setje Innlandet sterkare på kartet enn det vi har klart tidlegare, og vere lyttande og høyre på dei innspela eg får.

Flere saker fra Innlandet