NRK Meny
Normal

Arkitekturkritikar: - Billigast og best å byggje opp igjen i Lillehammer

LILLEHAMMER (NRK): Arkitekturkritikar Gaute Brochmann meinar det er tryggast å byggje opp igjen Storgata 81 i Lillehammer slik huset var før brannen. Alternativet blir truleg for dyrt.

Gaute Brochmann

EIT TRIST SYN: Gaute Brochmann ved branntomta i Storgata 81.

Foto: arne sørenes / nrk

– Storgata i Lillehammer har ein veldig homogen og fin arkitektur, og dette huset er jo eitt av dei første som vart bygd etter at byen vart grunnlagd. Nettopp derfor er det både viktig og rett å ta vare på dette bymiljøet innanfor same utrykk som det har hatt tidlegare.

Gaute Brochmann har brei erfaring som kritikar, skribent og journalist, og har tidlegare vore redaktør for bransjebladet Arkitektnytt. Frå heimekontoret i Lillehammer jobbar den arkitektutdanna skribenten mellom anna som kunstkritikkar i Morgenbladet.

– Det verste som kan skje er ei halvvegs løysing der ein byggjer opp noko nytt som liknar litt på det gamle, utan å ta seg tid eller bruke ressursar for å få det verkeleg bra. Då er det betre å byggje opp igjen slik det var.

Støttar fylkeskonservatoren

Dermed gjev arkitekturkritikaren full støtte til fylkeskonservator Espen Finstad som mandag gav utrykk for sitt syn på saka. Nærast før røyken hadde lagt seg etter brannen natt til søndag argumenterte Finstad for full gjenoppbygging av det øydelagde huset:

– Vi er innstilt på at bygningsmiljøet må rekonstruerast slik at Storgata blir slik ho har vore tidlegare. Vi vil at gågata i Lillehammer, som vart verdskjent under OL i 1994, skal framstå som inntakt også i framtida, sa Finstad då.

Les også: Vil gjennskape bymiljøet i Lillehammer

Storgata 81 i Lillehammer

BRANNTOMTA: Mykje er borte, men ein del står framleis att på branntomta i Lillehammer.

Foto: arne sørenes / nrk

Må byggje nytt

Peter Butenschøn, arkitekt og tidlegare rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo, leia i si tid arbeidet med byplanen før OL i Lillehammer. Han har eit stikk motsatt syn på korleis ein bør byggje på branntomta:

– Poenget er nettopp at det ikkje bør byggjast kloss likt slik det var tidlegare, seier han.

Butenschøn meinar at ei kvar tid bør snakke med sitt eige språk, og ikkje kopiere fortida.

– Vi må skrive våre bøker og lage vår musikk, og ikkje drive å lage musikk slik Mozart gjorde. På same måte må arkitekturen tilhøyre samtida.

Butenschøn meinar at eit nybygg likevel må ta omsyn til den arkitekturen som er der frå før i forhold til takvinklar, høgde og volum.

Peter Butenschøn

BYGG NYTT, MEN TA OMSYN: Arkitekt Peter Butenschøn argumenterer for å byggje nytt på branntomta i Lillehammer.

Foto: Andrea Melby/NRK

For kostbart å byggje nytt

Gaute Brochmann trur det blir for dyrt å byggje eit heilt nytt bygg på branntomta. For skal ein gjere det, må ein hente inn topp arkitektar som kan jobbe hardt og lenge med potensielt kostbare og teknisk krevjande løysingar, meinar han.

Gaute Brochmann

ARKITEKTURKRITIKAREN: Gaute Brochmann trur det blir for kostbar å få til eit vellukka nybygg på branntomta.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er lett å havne mellom to stolar dersom ein byggjer nytt utan å bruke dei ressursane som skal til for å få det verkeleg bra. Då kan vi fort ein ende opp med eit nytt bygg som liknar litt på det gamle, og det blir sjeldan bra. Det har vi fleire døme på frå før, både i Storgata i Lillehammer og i andre historiske bymiljø.

Brann i Storgata på Lillehammer

FULL FYR: Det var natt til søndag at det braut ut brann i Storgata 81 i Lillehammer, eitt av dei eldste bygga i OL-byen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det var natt til søndag at det braut ut brann i det verneverdige bygget. Ei kvinne i 20-åra er sikta for å ha tent på: Kvinne tilstår å ha tent på:

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND