Hopp til innhold

AP-politikar gjer heilomvending

Den utmelde Arbeidarpartipolitikaren Stig Lunde i Nord-Fron søkjer likevel ikkje fritak frå vervet som kommunestyremedlem.

stig lunde AP val nord-fron
Foto: Dølen

Lunde seier til avisa Dølen at han gjekk til val på programmet til AP, og at han støttar både programmet og ordførarkandidaten Tove Haugli.

Dermed ser det ut til at Haugli blir den nye ordføraren i Nord-Fron etter Gunnar Tore Stenseng.

Reaksjon på valkampen

Stig Lunde har sjølv vald å berre la seg intervjue av avisa Dølen. Til avisa sier han at einaste årsaka til at han melde seg ut av Arbeidarpartiet, var måten Kvam Arbeiderlag førte valkamp på. Lunde følte at han måtte reagere da Kvam Arbeiderlag sende eit brev til alle husstandar i Kvam, der dei i sterke ordelag åtvara veljarane om ordførarkandidaten i Nord-Fron Sp, Olav Røssum.

- Dette, pluss måten dei førte valkamp på, vil jeg ikkje vera ein del av, seier Lunde.

- AP-slagordet "Alle skal vera med", gjeld tydeligvis ikkje i Kvam. Vi kan ikkje ha det slik at ein klikk rundt eit kafebord nærmast styrer kva retning politikken i Nord-Fron skal ta. Vi får ikkje nye og engasjerte politikarar i kommunen ved å halde på på den måten.

Stor støtte

Lunde har fått over 70 tekstmeldingar med støtte for valet sitt. "Stå på - fint med folk med sterke meiningar" - "bra at noen tør å ta opp ukulturen" og "realt og vakse gjort", er noko av det som står i meldingane.

Stig Lunde understrekar likevel altså at han gjekk til val på Arbeideapartiets program, og at han støtter både det og ordførarkandidaten Tove Haugli.

Flere saker fra Innlandet