Fire foreldrepar i Østre Toten har anmeldt ein tidlegare lærar ved ein barneskule i kommunen for seksuelle overgrep mot fire mindreårige gutar.
Overgrepa skal ha skjedd frå 1993, og vart meldt til politiet fyrste gong i 1995.
Dei fire gutane er nå i 20-års-alderen, og slit alle med etterverknader av overgrep.
Foreldra har ikkje nådd fram i rettsapparatet hittil, men får nå juridisk hjelp av Stiftelsen Rettferd for Taperne.