Ankar rekorderstatning

Gjensidige har bestemt seg for å anke dommen der dei vart dømt til å betale Jens Wigenstad 11,6 millionar kroner.

Jens Wigenstad
Foto: NRK

Forsikringsselskapet  meiner dommen legg opp til eit heilt nytt erstatningsnivå som er i utakt med tidlegare saker.

Rekordutbetaling

Gjensidige vart i Sør-Gudbrandsdal tingrett dømt til å betale 16-åringen 11,6 millioner kroner i erstatning , etter at han fekk store hovudskader i ei trafikkulykke.  

SE VIDEO: Familien lettet etter å ha vunne rettsaken

Men Gjensidige har altså bestemt seg for å prøve saken i rettssystemet på nytt.

- Årsaken til det er at vi meiner denne dommen representerer eit heilt nytt erstatningsnivå, og premiss som er heilt i utakt med gjeldande rett. Det seier informasjonsdirektør i Gjensidige, Øystein Thoresen. 

Han seier at dei har forståing for at det vil vere belastande for familien Wigenstad å måtte gjennom ei ny runde i retten i denne saken.

- Vi har tenkt på familien, men vi ser dessverre ingen annan utveg enn å prøve denne saken for retten på nytt, seier Thoresen.

Vi betale sakskostnadene

Gjensidige seier at dei på grunn av den prinsipielle betydninga denne saken har vil betale sakskostnadene for Wigenstad, uansett resultat i ein ny rettsak.

Forsikringsselskapet vil også gå i dialog med Wigenstad for å drøfte om partane kan ble enige om ei løysing i tråd med tidlegare rettspraksis.

Les også: -Gjensidige kjem med skambod