Hopp til innhold

Bom stopp! Ambulansar kjem ikkje fram i fjellheimen

Ambulansar på utrykking i hytteområde blir stoppa av låste bommar. I verste fall kan det koste liv.

Privatbom og ambulanse

STENGT: Marius Grønvold og Mathea Kalbakken opplev at fleire private vegar blir stengde med bom. – Kan få fatale konsekvensar, seier Grønvold.

Foto: Sindre Auståker Johansen / NRK

Når ambulansar blir kalla ut står det ofte om sekund. Å få hjelp så fort som råd kan vere skilnaden på liv og død ved alvorleg og akutt sjukdom. Da er det særs kritisk når ambulansar blir hindra på vegen.

– Vi har ved fleire tilfelle vorte ståande ved ein låst bom, utan å kome vidare. Det stel mykje av tida, og særleg dersom det handlar om akutt sjuke pasientar med hjartestans eller livstrugande skader så kan det få fatale konsekvensar.

Det seier Marius Grønvold som er ambulansearbeidar i Nordre Land. Ei stor hyttekommune i landet største hyttefylke Oppland.

Marius Grønvold

MØTER STENGDE VEGAR: Marius Grønvold oppmodar innringarar til AMK om å vere flinke til å opplyse om private bommar. Han har møtt fleire stengde vegar.

Foto: Sindre Auståker Johansen / NRK

Han ser at fleire private vegar i fjellet blir stengt med solide, låste bommar, som dei ikkje klarar å kome seg forbi.

Ved eit tilfelle opplevde han at dei brukte ti minutt ekstra på grunn av låst bom og adresseforvirring ved ein hjartestans. Livet stod ikkje til å redde, utan at Grønvold vil seie at det skuldast forseinkinga.

– Samtidig veit vi at for kvart minutt som går minkar sjansa til å overleve med ti prosent for ein pasient med hjartestans, viss det ikkje blir starta adekvat hjarte- og lungeredning.

– Burde vore ei ordning

Arne Stokke er leiar for AMK Innlandet. Han er heilt klar på at dette er eit stort problem for dei ambulante tenestene.

Ifølge Stokke finst det ingen system for å rapportere inn private bommar, og at det for dei difor er veldig vanskeleg å halde kontroll på kvar deira ambulansar kan møte stengde vegar under utrykking.

– Vi har nokre nøklar rundt omkring, men dette er veldig vanskeleg å halde styr på. Det er jo hundrevis av bommar. Ofte må vi vente på på hjelp frå brannvesenet, og da går tida.

Arne Stokke

VIL HA SYSTEM: Arne Stokke vil ha rapporteringsansvar på dei som set opp private bommar.

Stokke seier at hans ambulansar berre unntaksvis har kjettingkuttar i bilane.

Han fortel at dei samarbeider med dei andre naudetatane om å informere kvarandre når dei får greie på ein ny bom.

Men no vil han ha på plass ei skikkeleg ordning med kartlegging av private bommar, og kanskje ein form for universalnøkkel.

– Det burde absolutt ha vore eit system for dette, seier han.

– Opplys om bommane

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap skriv til NRK i ein e-post at dei ikkje har nokon form felles løysing. Dei har berre ansvaret for brannvesenet.

– Brannvesenet har verktøy til å bryte opp låser, og brukar det når det er behov, seier avdelingsleiar i DSB, Anne Rygh Pedersen.

Ho er tydeleg på at det er viktig med god dialog mellom naudetatane lokalt – for eksempel gjennom god bruk av Nødnett.

Men utan eit overordna samhandlande system, kan ambulansane altså risikere å måtte vente på hjelp.

Ambulansearbeidaren Marius Grønvold håpar difor at folk som ringer inn til AMK er flinke til å opplyse om eventuelle bommar på vegen.

– Vårt råd er at dei gjer seg godt kjent med kvar dei er, kva adressa er og gjerne kartreferansen. Samtidig er det viktig at dei opplyser om eventuelle bommar når dei treng akutt helsehjelp og ringer 113, og at dei kan hjelpe oss å låse opp.

Illustrasjonsfoto

BOM STOPP: Arne Stokke i AMK Innlandet seier at dei kvart einaste år møter fleire bommar som dette, dei ikkje kjem seg forbi under utrykking.

Foto: NRK