To bilar frontkolliderte på riksveg 255 ved Peer Gynt-senteret søndag kveld. To menn vart alvorlege skadde.
Alvorleg skadde
Den eine, som vart alvorleg skadd, vart kjørt til Ullevål univesitetssjukehus med luftambulanse, mens den andre vart sendt til sjukehuset på Lillehammer med ambulanse.
Båe mennene er frå Vinstra. Han som vart frakta til sjukehuset på Lillehammer er operert, og tilstanden hans er alvorleg, men stabil.
Ulykka skjedde da ein av bilane kom over i motgåande kjørefelt, opplyser operasjonsleiar Ann Karin Sundgården i Gudbrandsdal politidistrikt.
Fleire utforkjøringar
Det har vore fleire trafikkuhell i Oppland i helga.
Det danna seg lange køar på E6 ved Lillehammer søndag ettermiddag. To personbilar kolliderte ved avkjøringa til Gausdal, og ein person vart sendt til sjukehus.
Fleire personar vart sendt til legesjekk etter utforkjøringar på Hadeland. Både på Granavollen, Grymyr, Roa og Brandbu kjørte bilar av vegen i helga.
Ingen vart alvorleg skadd i nokon av desse ulykkene.