Hopp til innhold

Alvorleg skada i Birken

Ein 47 år gammal mann ble sendt til Ullevål universitetssjukehus med alvorlege hovudskadar etter ei ulykke under Birkebeinerrittet lørdag.

Den mannlege syklisten velta mellom 16 og 18 kilometer ut i løypa, melder NTB.

Ein lege i nærleiken vurderte skadane og bestemte at mannen skulle fraktast til sjukehuset med luftambulanse, opplyser dagleg leiar i Birkebeinerrittet, Tone Lien.

- Ikkje kritisk

I fylgje rittlege Anne Skotte, er det ansiktet som har fått dei alvorlegaste skadane.

- Han er kraftig oppskrapa i ansiktet. Dei siste opplysningane vi sit inne med er at mannen sin status er forholdsvis stabil, og at det kjem til å gå greit med han, seier ho.

Mannen er no komen til Ullevål universitetssjukehus.

Dei kan bekrefte at hovudskadane er omfattande, men at tilstanden er stabil.

I fylgje rittlegen er det ellers få skadar under årets Birkebeinerritt.

- Om ein ser talet på skadar opp mot talet på deltakarar, så er dette lågt, seier ho.

Flere saker fra Innlandet