I alt fem personar kan bli tiltalt for grove seksuelle overgrep mot fire barn i Alvdal, og rettssaka skal etter planen starte 11. januar.
Rettspsykiatarar har undersøkt dei to hovudsikta, eit tidlegare sambuarpar som har tilstått overgrep mot to av dei fire barna. Desse rapportane skal vurderast av den rettsmedisinske kommisjon, som ei slags kvalitetssikring, før dei kan bli lagt fram i retten.
Fryktar ny utsetjing
Men to medlemmar i kommisjonen trakk seg nyleg på grunn av ei arbeidskonflikt, og ifølgje Dagbladet kan dette bety forsinkingar for nærare 50 straffesaker som ligg inne til behandling.
Alvdalsaka er ein av desse, og nå fryktar partane at saka kan bli utsett på nytt. Den svært alvorlege saka skulle eigentleg ha gått i september, men måtte utsetjast fordi politiet ikkje var ferdige med etterforskinga. Framleis er inga tiltale klar i saka.
– Vi vil i løpet av veka ta kontakt med kommisjonen for å høyre korleis dei ligg an med saka vår, seier statsadvokat Iris Storås.
- Kommunale fagfolk oppdaget ikke at barna ble seksuelt misbrukt
- – Alvdal kommune må granskes
- Fylkesmannen gransker barnevernet
Ynskjer å halde tidsplanen
For ei eventuell ny utsetjing vil føre til store påkjenningar både for offera og dei sikta i saka.
Samtidig vil det skape store praktiske problem dersom ti travle advokatar og to tettpakka domstolar på nytt må prøve å stable saman ein tidsplan som passar for alle.
– Det ville vore svært uheldig dersom saka blir utsett. Her er det fleire partar som er involverte, og det er sjølvsagt ynskjeleg at ein held den tidsplanen som er lagt, seier statsadvokat Iris Storås.
Fem kan bli tiltalt
Samtidig er det ikkje klart kva tid ei tiltale i saka vil vere klar. Statsadvokat Storås har sendt saka vidare til Riksadvokaten som vil avgjere kor mange som skal bli tiltalt i saka.
Tidlegare har politiet uttalt at dei ville tiltale seks personar i saka, men statsadvokaten foreslår at saka mot ein av dei sikta blir henlagt, slik at fem personar blir tiltalt i saka.