Det siste året har det vore tre dødsulykker i alpinanlegg i Hedmark og Oppland. Nå har Arbeidstilsynet sendt brev til alle alpinanlegga i Hedmark, Oppland og Buskerud.
Der understrekar dei at det er arbeidsgjevar som har ansvar for at dei tilsette har nødvendig opplæring i bruk av utstyr som trakkemaskiner og snøskutarar.
Nyleg omkom ein mann i ei skuterulykke i Trysilfjellet.
Undersøker reglar i andre land
- Alpinanlegg-eigarar må fokusere på opplæring og kontroll av utstyr, seier distriktsarbeidssjef Per Rasmussen.
Arbeidstilsynet skal samarbeide med det norske Veritas og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Begge har viktige roller i samband med heisar her til lands.
- Vi skal også undersøke regelverket i andre land med mange alpinanlegg, som Sveits, Italia og kanskje Sverige, sier Rasmussen.
Næringa vil hindre ulykker
Han understrekar at Arbeidstilsynet sender ut brevet på generelt grunnlag, og at han ikkje vil gå inn på enkeltulykker som er under etterforsking.
Seinare har Arbeidstilsynet tenkt å kontrollere alpinanlegga nærare.
- Også næringa er interessert i kontrollar, fordi dei også vil hindre at ulykker skjer, seier Rasmussen.