Det er større etterspurnad etter produkt knytt til yrkesfiske som gjer at aktiviteten no går opp, seier personalsjef Lars Rivenes.
20 årsverk var kutta
Dei siste månadane har 40 av dei 60 tilsette vore i halv jobb, men no er alle tilbake i sin opphavlege stillingsprosent.
Utelukkar ikkje nye permitteringar
Han håper ordretilgangen vil halde seg stabil, men kan ikkje utelukke nye rundar med permitteringar ettersom marknaden er usikker.
- Me får sjå korleis det går. Me trur me no kan halde sysselsetjinga som normalt, seier Rivenes.