Alf Prøysens ærespris til Myhre

Alf Prøysens ærespris blei i går tildelt visesongaren Lars Martin Myhre. Juryen grunngjev tildelinga med at Myhre er ein av dei verkeleg berande bjelkane i norsk musikkliv gjennom snart 50 år.

Om Prøysen hadde vore i bransjen i dag hadde Myhre og Prøysen truleg samarbeidd for lenge sidan, heiter det i grunngjevinga til juryen.