Alf Prøysen døydde i 1970, men diktinga hans lever i beste velgåande.
Som husmannsgut var vegen fastlagt. Etter folkeskule og konfirmasjon måtte ein få seg jobb på ein gard. Meir skulegang var det sjeldan nokon som hadde råd til. Det hadde heller ikkje foreldra til Alf, men han fekk eit stipend så han kunne gå på fylkesskulen (Ringsaker Amtskole).
Alf Prøysen og mora Julie.
Her tente han for fyrste gong pengar på skrivekunsten sin ved å skive stilar for medelevane for femti øre.
Griskokk
Men i 1932 var det slutt på skulegangen og Alf Prøysen fekk jobb som griskokk. Det var det arbeidet som vart sett på som det dårlegaste på garden. Seinare avanserte han til sveisar (fjøsrøktar). I fritida heldt han på med lokalrevy, amatørskodespel, teikning og skriving.
I 1938 fekk han sjå dei fyrste dikta på trykk både i «Kooperatøren» og Nils Johan Ruds «Arbeidermagasinet» (som seinare skifta namn til «Magasinet For Alle»).
Eigne plater
I 1948 ga Alf Prøysen ut tre plater med eigne viser. Det var «Blåbærturen» / «Lillebrors vise», «Pelles bursda’» / «Sirkusvise» og «Husmannspolka» / «På Hamar med slakt». Platene vart kjempepopulære, og vart mykje spelt i radioen.
Da vart det verkeleg fart i karrieren. Same året (1948) kom den første viseboka «Drengestu’viser» som vart rivi vekk og alt i alt vart 135.000 eksemplar selt.
Alf Prøysen vart ein ettertrakta artist og reiste land og strand rundt med gitaren.
I 1948 gifta Alf Prøysen seg med Else Storhaug. Dei fekk to barn. Elin Julie (f. 1949) og Alf Ketil (f. 1951).
Barnetimen
I 1949 kom den fyrste viseboka for barn. Det var «Lillebrors viser» med melodiar av Finn Ludt og illustrasjonar av Øystein Jørgensen. Og boka vart så godt motatt at boka i dag er omtrent umogleg å oppdrive antikvarisk.
Frå 1952 kom han til Barnetimen for dei minste, og blir rekna som ein av dei tre store ved sidan av Anne-Cath. Vestly og Thorbjørn Egner.
Mykje av Alf Prøysen sine produksjonar, både i bokform, på plater og i radio, var laga for barn. Den største internasjonale suksessen fekk han med fortellingane om Teskjekjerringa.
Omdiskutert roman
I 1950 kom den einaste romanen til Alf Prøysen ut; «Trost i taklampa». Den handla om at ungdommen reiste frå bygda til byen og tømte jordbruket for arbeidskraft. I romanen er det Gunvor som har reist til byen og nå er heime på sommarferie og prøver å få andre til å dra. Her kler Alf Prøysen av alle dei som glorifiserer arbeidet på bygda og vil halde ungdommen på plassen sin, samstundes som han held med Gunvor som vågar å bryte opp.
Boka vakte voldsom debatt, og vart selt i 52.000 eksemplar berre i utgjevingsåret.
Allereie i 1952 var boka blitt til teaterstykke, dramatisert av forfattaren i samarbeid med Asbjørn Toms. I 1955 vart «Trosten» til film med innlagte viser med melodiar av Maj Sønstevold, bl.a. «Trippe-tripp» og «Blåklokkeleiken».
I 1963 var det klart for musikalversjonen med Finn Ludts melodiar. Her er visene «Blåklokkevikua» og «Snekkersvekara» dei mest kjente. Musikalversjonen er sett opp fleire gonger, både på Det Norske Teatret, Riksteatret og i fleire amatørteateroppsetningar.
Fekk kreft
Alf Prøysen var ein produktiv forfattar og aktiv til det siste, ikkje minst i ei rekkje radioprogram i NRK. Fjernsynet trivdes han ikkje så godt med, men han laga nokre barneprogram og ein serie med visegjestar i studio. Sommaren før han døydde var han med på innspeling av ein serie fjernsynsprogram om livet sitt og diktinga.
Bøkene «Det var da det og itte nå» og «Snekker Andersen og julenissen» (med teikningar av Hans Normann Dahl) kom ut i 1971.
Alf Prøysen døydde av kreft 23. november 1970, og er gravlagt på æreskirkegarden på Vår Frelsers gravlund.
Lever vidare på Hedmarken
Over 30 år etter at han døydde lever Alf Prøysen vidare i Ringsaker og på Hedmarken.
Kvar sommar blir Blåklokkevikua - Norsk Visefestival (http://blaklokkevikua.no/) arrangert i Ringsaker. Her kan du oppleva Prøysen i form av forteljingar, konsertar og teater.
På 1990-talet vart også Prøysenhuset (www.proysenhuset.no/) opna til ære for hedmarksdiktaren. Frå der er det dessutan berre 800 meter til huset i Prestvægen, der Alf Prøysen vaks opp.
På gebursdagen, 23. juli 2004, var det stor festforestilling til ære for Alf Prøysen i Ringsaker.
Nye bøker
Tiden Norsk Forlag feirer 90-årsdagen for Alf Prøysen med to nye bokutgjevingar.
Det er "Prøysen i prosa" og "Prøysens poesi" som er redigert av dottera Elin Prøysen. Prosaboka inneheld noveller og stubbar, mens poesiboka har dikt og viser av Alf Prøysen.
(Kjelde: www.litteraturnettet.no)