NRK Meny
Normal

Aktor bad om 14 års forvaring

Mannen som er tiltala for å ha drepe kona si i Åsnes i fjor møtte ikkje i retten i dag. Prosedyrane gjekk likevel som planlagt og aktor har bedt om 14 års forvaring.

Kvinne funnet død på Flisa

AVSPERRA: Det var i sin eigen bustad at kvinna vart funne død i 23. mars i fjor på Flisa.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ei kvinne i 50-åra døydde i mars i fjor i sin eigen bustad på Flisa i Åsnes etter å ha blitt slått og sparka gjentatte gonger. Mannen hennar, som tidlegare er tiltala for vald mot kona er tiltala for drapet og aktor bad i dag om at mannen skal 14 år i forvaring.

– Ikkje formildande at han var rusa

Sigurd Klomsæt

BAD OM FRIFINNING: Mannen sin forsvarer, Sigurd Klomsæt, meiner mannen var psykotisk og burde bli frifunne.

Foto: Arne Trolldalen / NRK

Forsvarer til den tiltala, Sigurd Klomsæt bad retten om å frifinne den tiltala mannen. Han meiner mannen i staden skal bli underlagt tvungen psykisk helsevern, då han meiner mannen var psykotisk og ikkje tilrekneleg då drapet skjedde.

Rettspsykiatrisk sakkunnige har undersøkt mannen nøye og konkludert med at han ikkje var psykotisk, men fungerande i augneblikket sjølv om mannen var rusa. Aktor, Torbjørn Klundseter seier ein ikkje kan sjå vekk frå at alkoholnivået kan ha hatt noko å seie, men at mannen blir dømt som om han var edru.

– Valden skjedde med forsett, altså var det ei bevisst handling. Etter straffelova skal han dømmast som edru, seier Torbjørn Klundseter.

Aktor, Thorbjørn Klundseter

DØMMAST SOM EDRU: Aktor, Torbjørn Klundseter seier den tiltala er rekna som tilrekneleg og at handlinga er gjort med overlegg. (Arkivfoto.)

Foto: Arne Trolldalen / NRK

Aktor har lagt fram påstand om 14 års forvaring med ei minste soningstid på 9 år før han eventuelt kan bli slept ut på prøve. Dette er mellom anna fordi dei meiner det er stor risiko for gjentaking, og det er av omsyn til samfunnsvern.

– Han domfellast for ei alvorleg handling no, og skal også domfellast for alvorleg vald mot den avdøde kona før dødsfallet. I tillegg blir han straffa for ei alvorleg valdshending som skjedde i 2004, seier Klundseter.

La fram oppreisingskrav

Bistandsadvokat, Henning Svalheim la i retten fram påstand om oppreisningskrav til dei etterlatne ungane til den avdøde kvinna. Kvinna hadde tre ungar, og bistandsadvokaten la ned påstand om at kvar av dei skal få 200 000 kroner i oppreising, til saman 600 000 kroner.

Har ikkje innrømma skuld

40-åringen har innrømma å ha vore valdeleg og har fortalt retten om eit turbulent forhold med mykje alkohol og krangling. Han fortalde at dei begge hadde drukke mykje den dagen drapet skjedde og han innrømma å ha sparka henne. Men han sa det ikkje var meininga å drepe henne. Han ringde sjølv til naudetatane med melding om at kona var livlaus.

Mannen er også tiltala for vald mot den avdøde kona. Ho har tidlegare vore innlagt på sjukehus etter å ha blitt sparka i hovudet, noko han har sagt seg skuldig i og vil bli domfelt for.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Mann kjørte uten gyldig førerkort

    Politiet stanset i formiddag en sjåfør i Brumunddal. Mannen var i 60-åra og blir anmeldt av UP, fordi han kjørte uten gyldig førerkort.

  • Smerter i nakke etter kollisjon

    Føreren av en personbil klaget over smerter i nakken, etter ei ulykke ved skytterhuset i Elvedalen i Snertingdal i formiddag. Personbilen kjørte inn i en lastebil bakfra. Trafikken går greit forbi stedet, melder politiet på Twitter.