Tjuvar bryt seg vanlegvis inn, men ved Fagernes gjestegård var det i natt eit utbrudd! To menn vart sett springande ut av huset etter at alarmen gjekk.
I bowlinghall
- Det er kanskje ikkje noko offisielt uttrykk som heiter "utbrudd," men da alarmen gjekk på Fagernes gjestegård vart dei to mennene observert springane frå staden. Mest sannsynleg hadde dei gøymt seg inne i bowlinghallen som ligg i same bygget, seier operasjonsleiar Åge Norland ved Vestoppland politidistrikt.
To menn vart sett springande frå Fagernes gjestegård i går kveld.
Alarmen gjekk truleg da dei to byrja å røre på seg inne i bowlinghallen.
- Dei fann det nok best å fordufte frå staden, fortel Norland.
Sikra spor
- Kven kan ha interesse av å gøyme seg inne i ein bowlinghall?
- Det blir berre spekulasjonar. Det er ikkje lett i si kven som kan ha spesielle tilbøyelegheiter til noko slikt, mener operasjonsleiaren.
Politiet kom raskt til staden og sikra spor, og har halde på med etterforsking ut over natta. Innehavaren skal i natt ha sagt at han ikkje trudde noko var borte frå inne i huset.
Politiet skal gjera nærare undersøkingar i dag.