«Ut og stjæle hester» blir film – Iskalde filmopptak i Trysil

TRYSIL (NRK): Dei har slite med temperaturar godt under minus tjue på location i Trysil. Men filmkameratane Hans Petter Moland og Stellan Skarsgård har vore ute ei vinternatt før.

Kaldt på filmsettet

DET FINNS IKKJE KALDT VÆR: Regissør Hans Petter Moland har kledd seg etter forholda på location i Trysil.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er ikkje så ille som då vi laga «Kraftidioten», då var det minus 28.

Stellan Skarsgård står på ein vegstubb ved ei lita tømmerstove i skogen nær den vesle staden Jordet i Trysil. Temperaturen er på veg ned mot 25 blå, og den svenske hollywood-stjerna og resten av filmteamet ventar på at kameraet igjen skal bli klart til bruk. Akkurat no går hårfønaren for å tine tendensar til is på linsa.

Stellan Skarsgård ventar

KALD VENTING: Minuttane kan bli lange når teknikken slit i kulda. Stellan Skarsgård har vore ute ei vinternatt før.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er alltid utfordringar med teknikk i kulde, men det går bra, flirer regissør Hans Petter Moland langt inne i ulvepelsen.

Etter ei rekkje filmar der veret spelar ei viktig rolle har Moland god erfaring med krevjande tilhøve. I fem av filmane har Skarsgård vore med, heilt sidan «Kjærlighetens kjøtere» i 1995.

Kollegaer og kameratar

Stellan Skarsgård fortel at han liker å jobbe med den norske regissøren, ikkje berre fordi han er ein bra regissør, men også fordi han er blitt ein god venn. Dei har funne ein måte å samarbeide på som gjer ting enkelt, seier Skarsgård. Dei veit kor dei har kvarandre, og treng ikkje å gå på tå av redsel for å såre kvarandre. Men innimellom kan tonen bli veldig direkte og ganske brutal:

– Det går fint. Men det er alltid så kaldt og elendig når eg filmar med Hans Petter, og dette er ikkje mitt klima. Men det er veldig kult å jobbe likevel.

SJÅ INTERVJU MED STELLAN SKARSGÅRD: Innimellom opptaka utandørs finn den svenske filmstjerna ly på loftet på ei av stovene som er med i filmen. Skarsgård trivst godt med dei enkle tilhøva på settet.

Moland på si side trur han blir modigare av å ha med rutinerte Skarsgård, nettopp fordi han kjenner han så godt:

– Det å lage film er jo på sett å vis ei slags utforsking av nytt materiale, og det å få jobbe i lag med folk ein trivst med fører til at ein kanskje vågar å gå djupare inn i stoffet enn ein elles ville. Og det er nødvendig, særleg i eit så pass riskikofylt materiale som dette.

Suksessroman frå 2003

No er det altså Per Petterson sin prisbelønna roman "Ut og stjæle hester" frå 2003 som skal gjerast klar for det store lerretet. Boka er oversatt til nærare femti språk, og har vunne ei rekkje internasjonale prisar. Når forfattaren sjølv vitjar filmsettet, synes han det er stas at boka no blir film:

– Eg er berre superhappy, og er glad for at eg får lov til å komme her og sjå og henge litt. For eg gjer jo inga nytte for meg.

Per Petterson på besøk

FORFATTARBESØK: Den prisbelønte forfattaren Per Petterson står bak boka som no blir film. Han synes det er stas å besøke filmsettet.

Foto: arne sørenes / nrk

Sjølv har han inga rolle i utviklinga av manuset, og er spent på korleis filmen blir. Men han er trygg på at Hans Petter Moland forvaltar stoffet hans godt.

– Det seiest jo at ein ikkje skal lage film av gode romanar, men heller finne ein middelmådig med eit godt plott, seier regissør Moland.

–Men no står vi her, og har tatt sjangsen på det likevel. Det vart rett og slett for freistande å ikkje forsøke.