NRK Meny
Normal

«Skogsmatrosen» blir teater

HAMAR/LARKOLLEN (NRK): Jon Michelet har gjort braksuksess med romanserien om den unge krigsseglaren Halvor Skramstad frå Rena. No skal Skogsmatrosen setje sjøbein på dei skrå bredder i innlandet.

Jon Michelet

FORFATTAREN: Så langt har han seld over 700 000 bøker om den unge krigsseglaren Halvor Skramstad frå Rena. No har Jon Michelet det travelt med å bli ferdig med sjette og sist bok som etter planen skal vere klar til hausten.

Foto: arne sørenes / nrk

Det er Teater Innlandet på Hamar som står bak. Janne Langaas er sjef for det regionale teateret i Hedmark og Oppland, som alltid er på leit etter historiar frå eigen region. Historia om 18 år gamle Halvor Skramstad frå Rena, som dreg til sjøs like før krigsutbrotet i 1940, er dermed som skapt for teatersjefen.

Langaas har sjølv regien på stykket som tar for seg første halvdel av første bok i romanserien «En sjøens helt»:

Og så er det sjølvsagt freistande at det er så mange som kjenner historia, og som er nyfikne på korleis dette skal gjerast på ei scene. Det gler vi oss til å vise!

janne langaas

TEATERSJEF OG REGISSØR: Janne Langaas presenterer teaterstykket basert på første halvdel av første bok om «Skogsmatrosen».

Foto: arne sørenes / nrk

743 000 selde bøker

Til no er det selt 743 000 bøker, fordelt på fem bind, av romanserien teaterstykket byggjer på.

Heime på Larkollen utanfor Moss jobbar Jon Michelet på spreng for å bli ferdig med sjette og siste bok i historia om Skramstad. Den skal etter planen komme ut i haust, men forfattaren ligg litt etter skjema på grunn av plager med ein arm sist sommar og haust.

– Eg er bra igjen no, så dette skal gå bra, seier Michelet.

Sjølv er han spent på korleis det blir å sjå sin eigen skogsmatros på scena, men glad for at det han har skrive blir tatt vidare av andre:

At «Skogsmatrosen» blir ein scenefigur i innlandet er med på å løfte opp ei gruppe sjøfolk som har vore grundig gløymde.

skogsmatrosen blir teater

ROMAN BLIR TEATER: 29. april er det premiere på skodespelet "Skogsmatrosen" på Teater Innlandet.

Foto: arne sørenes / nrk

Michelet fortel at krigsseglarane fekk lite merksemd etter krigen. Særleg gjaldt de dei som kom frå bygdene i innlandet. Desse hadde ikkje noko natruleg miljø nede på brygga slik sjøfolk i byar og frå kysten gjerne hadde. Dermed vart dei gåande aleine med det dei hadde vore gjennom, og lite påakta av lokalsamfunna.

Derfor er det så moro å løfte fram nettopp «Skogsmatrosen», seier Michelet.

«Skogsmatros» frå Tromsø

Det er skodespelaren Espen Mauno frå Tromsø som skal gje liv til 18 år gamle Halvor Skramstad frå Rena. Både alder og dialekt er ei utfordring, seier han, men forsikrar at begge delar skal framstå truverdig under premiera på grendehuset i Åstvang i Åmot laurdag 29. april.

Heimkommunen til Skramstad er naturleg nok første spelestad for stykket som skal spelast på 19 samfunns- og grendehus i Hedmark og Oppland.

Mauno gler seg til å spele ein karakter svært mange alt kjenner frå bøkene:

– Eg kjem til å fylle han med litt naivitet, glede, openhet og ikkje minst eventyrlyst. Sider av meg sjølv som eg absolutt finn igjen i «Skogsmatrosen».

Teater Innlandet setter opp stykket Skogsmatrosen, basert på romanen av Jon Michelet.

SKOGSMATROSEN BLIR TEATER: Sjå video med Espen Mauno, Jon Michelet og Janne Langaas. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Jon Michelet